Om oss

 

Medlemene i «Polka med støyt» har på ulik vis kome inn i valsaspelet frå Hardanger.  Fellestrekket er at dei hadde barne- og ungdomstida i Sørfjorden: Magne på Lofthus, Siri i Odda og Øystein i Jåstad-grenda. Repertoar og kjelder er òg i all hovudsak felles. I dag bur Siri i Haugesund, Øystein på Ål i Hallingdal og Magne på Lillehammer.

 

 

Siri Dyvik, f. 1958, kom som tenåring i kontakt med tradisjonsmusikken på hardingfele gjennom leikarringen i Odda. Ho er særleg oppteken av å få tak i dei kvalitetane i spelet som gjer at det vert godt å dansa etter. Ho har på same måten som Øystein mange slåttar etter Lars Velure (1901-1993).

Øystein Velure, f. 1965 tok til å spela hardingfele  i 12 års-alderen. Den viktigaste kjelda hans var Lars Velure Han gjekk i lære hjå han frå rundt 1980 og meir eller mindre sporadisk fram til han døydde i 1992. Av dei gamle spelemennene i Hardanger var Lars den einaste Øystein har lært systematisk av.

Magne Velure, f. 1946, lærde pianobasing av far sin, Jon Velure (1915-2001). Jon var òg felespelar, mykje brukt på festar og i bryllaup. I perioden 1961-1975 var Magne ofte med som basar i bryllaup og på dansefestar. Basinga, slik han praktiserer det, er eit svært enkelt akkordakkompagnement. Hovudoppgåva er å halda stødig og drivande dansetakt og elles støtta opp under felespelet.

”Polka med støyt”