”Polka med støyt”

 

 - tradisjonelt valsaspel frå Hardanger

Me er ei gruppe som prøver å blåsa liv i ein gamal musikktradisjon frå Hardanger.

På starten av 1900-talet vart piano og trøorgel tekne i bruk som akkompagnement-instrument, eller «basing» til fela i Hardanger. Dette var ein tradisjon som heldt seg til utpå 1960-talet.

«Polka med støyt», som er samansett av Siri Dyvik (hardingfele), Øystein Velure (hardingfele) og Magne Velure (piano), har gjennom nokre år arbeidd med denne tradisjonen og har m.a. spelt ein del til dans, gitt konsertar og spelt inn ein cd. Me held oss til det tradisjonelle valsaspelet frå Hardanger (polka med støyt, reinlendar, vals, hamborgar), i tillegg til bygdansane springar og rudl.

Foto: Vivian Korssund

Me deler gjerne denne musikken med andre, og du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du treng god dansemusikk. Ta også kontakt dersom du ynskjer å få tilsendt cd-en med musikken vår.

Ta kontakt med oss:

Magne: tlf. 95794300    

Øystein: tlf. 90837850

Siri: tlf. 90651921